FAR VERDEN, FARVEL

- Erling Pedersen skriv om ei eksistensiell sorg som spenner langt vidare enn sidene i boka.

Når eg ser namnet Erling Pedersen, tenkjer eg alltid tilbake på Fjernsynsteatret, 1980, og
visninga av Til odel og eie. Det var denne konflikten mellom å bli eller å reise bort som
trefte meg og framleis treffer meg når eg no, 35 år seinare, les den seinaste romanen hans,
  Høst. Det er Per Bufast, Vesaas og alt dette som ligg der og verkar og svir, enno i dag.

  BARN AV VELFERDSSTATEN 
Erling Pedersen braut opp og gjorde den klassereisa som mange i hans og min generasjon var ein
del av: bort frå enkle kår, inn i eit utdanningssystem finansiert gjennom lånekasse, stipend og
bidrag frå foreldre som kanskje såg at deira liv ikkje kunne levast om igjen av nye generasjonar.
Det er Gerhardsens barn han skriv om, velferdsstaten, eit enklare liv og kjensla av å tape seg
sjølv i oppbrot og rotløyse. Dette skriv Pedersen fram som ei eksistensiell sorg, vemodig, vakker
og uboteleg. Derfor har Høst ei sterk berøringskraft, og romanen er monaleg større enn dei 110
sidene han spenner over.

  SKAM OG SKULD
Romanen følgjer ein gammal mann inn i døden. Han oppsummerer livet sitt i dialog med
heimesjukepleiaren Anneli, ho som eigentleg heiter Britta, men som den gamle gir namn etter
den døde søstera. Han vil tilbake til grenda han voks opp i, han vil drikke av oppkommet
Sælebota, han vil opp til setra og vidare opp til Heia og Høgvarden, dit han som barn tok
med seg søstera før ho døydde.  Men det er ikkje fullt så enkelt og romantisk. Den gamle
mannen ber på ei skam og ei skuldkjensle han ikkje har gjort opp for, og det gneg han på
dødsleiet der han pendlar mellom draum og røyndom i det skriftemålet han legg fram for ho
som sit hos han. Eit stykke på veg er romanen ein variant av Mor Åses død i Peer Gynt med
lengten etter fred og forsoning som dei berande elementa, kanskje i eit religiøst overlys
eller i alle fall farga av ein kristen tankegang.

  BYGDEDYRET GLEFSAR
Noko hende ein gong i barndomen, noko som har festa seg i sinnet, og dette har med døden til
søstera å gjere. Han har heile livet kjent på at det var hans skuld, og at det endra familien
og skapte ein avstand mellom han sjølv og foreldra, mellom han sjølv og bygda. Det er bygdedyret
som glefsar, han reiser bort, blir lærar, får familie og lengtar heile tida heim igjen til den
storslåtte vestlandsnaturen han voks opp i.  Den avstanden han kjende som barn, ber han også
med seg som vaksen, og som enkjemann på sine eldre dagar bryt han all kontakt med barn og
barnebarn.  Han forskansar seg i ein misforstått sjølvrespekt: Ingen skal sjå forfallet og
forandringa, hjelpeløysa hos ein gammal mann på veg bort frå livet.

  Erling Pedersen har lang fartstid i norsk litteratur. Han er fødd og oppvaksen i Rauma i Romsdalen,
men har budd i Vestfold sidan 1973. Da han debuterte, fekk han Vesaasprisen for novellesamlinga
Rottenes konge, men det er Skredesyklusen (1981-2001) som står som hovudverket i ein elles
omfangsrik forfattarskap innanfor prosa, dramatikk og ungdomsbøker.

© Dag og Tid
30.1.2015
Oddmund Hagen


TILBAKE